fredag 13. oktober 2017

Agnes Ravatn: Verda er ein skandale (Essay)


Verda er ein skandale

Da Agnes Ravatn fekk ein liten sønn, bestemte ho og sambuaren seg for å flytte på landet i permisjonstida. Dei flytte frå Frogner til Valestrand på Vestlandet, til eit gamalt hus som bestemor til sambuaren hennar budde i. Her skal dei bu, omkransa av skog, nær fjellet og sjøen. Her er det stille, berre lyden av sauer på beite forstyrrer freden. Til å byrja med har dei ikkje vatn, ikkje bad, ikkje kjøkken. Mobildekninga er heller dårleg. Internett er "like om hjørnet" i månadsvis. Men Agnes skal skrive, og dei skal flytte attende til byen til nyttår. I nabohuset bur diktaren Einar Øklnad og kona Liv Marit. Han bur i sin barndomsheim, med skrivarstove og kunst på veggene. Dei to kollegane trivst saman.

Agnes Ravatn skriv om sine opplevingar på landsbygda, men skriv også mykje om Økland. Det vert mest som ein biografi om han samstundes som vi opplever hennar møte med bygda og bygdefolket. Essaysamlinga er som eit reisebrev frå bygda. Her er mange fine kvardagshendingar fint skildra: 
"Bjørnebær-! Eg plukka spannet fullt, traska dei få metrane heim og la all bære på sprit. Til jul drakk me bjørnebærlikør frå eigen grøftekant."
Knekkebrødlaging saman med Einar Økland, utforskinga av ulike skrivereiskap, tranflaska som fell ned på dei nylagte badeflisene, ventinga på internett, alle desse hendingane er skrive så lett og enkelt, med ærlig og skarp penn.  
Hennar refleksjonar er som vanleg presise og fulle av humor:
"Når eg iblant lurer på lurer på kva i alle dagar som eigentleg er årsaka til at eg har forlate den byen som eg både var og er ganske glad i, for å emigrere til eit gammalt, avsides småbruk, rett no berre for eit halvt år, har eg prøvd å etterrasjonalisere det heile ved hjelp av evolusjonsteorien, som i mi tolking seier at det strengt tatt er ufatteleg at folk held ut med seg sjølve i byen." 

Men held ho ut med seg sjølv på landet?  Dette prøvehalvåret skulle vise om det var mogleg, noko det viste seg å vere. Agnes og sambuaren er no vestlendingar, busett i Valestrand. Det bør vere så bra og gje så stor skriveglede at vi får meir frå den kanten! Eg set stor pris på det ho skriv. Fornøyeleg med mykje humor, og mykje alvor.

Samlaget
2017
95 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

1 kommentar:

  1. Fin omtale, ser mange har lest denne og den er god skjønner jeg. Må nok lese den.

    SvarSlett