torsdag 12. oktober 2017

Juliane Rui: Aude så rørsle kan synast (Dikt)

Ei lita diktsamling der årstidene spelar ein rolle. Det tek til med kald vinter, frå snøen fell til isen sett seg fast. Og det handlar om alt som lever i naturen, frå enkle mikroorganismer, børsteormar, fisk, dyr og planter. Det er ei hylling til alt liv. Undring over det som finst. Vakkert og rørande. Eit par eksempel her:

" einskilde snøflak
mot augehinnene
pusten ut av halsen
klar tørr
snøflaka forsvinn mot meg
mot det eg er
som når dei treffer bakken
eller ein bjørkestamme"

"mot våren feller
lomar fjør
da kan dei ikkje fly på veker
dukkar under vassyta
ved far
krafta i vengene
flyttar seg til føtene

i juni ber lomar
ungane på ryggen
som blafrande segl"

"katta kjem i fanget mitt
ho luktar av gras luft
eg stryk handa over den våte pelsen
regnvatnet tørkar inn i handflata
eg er óg eit landdyr
synleg på den opne marka

inni meg finst eit
tidleg fosterhjarte
i mørkt innsjøvatn
der eg engsteleg badar"

Den vesle boka har også med nokre svart/kvit-bilete fra naturen. Dei gir ikkje noko ekstra til boka, som kunne vore forutan desse.

Samlaget
2017
61 sider
Nynorsk
Lesareksemplar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar